God og brei stig oppover til Kyrkjetjørni der det ligg ei staseleg gamal steinbu. Stigen går vidare til Versjøen like ved. For rundtur fylg stigen rundt heile Versjøen. Fint med ei pause ved den gamle driftehytta før heimvegen ned til Vealia. Ein dukkert i Versjøen på 1234 m.o.h vil garantert verke forfriskande ! Turen er berre skilta ved startpunktet i Vealia.
Les turskildring, kart og høgdeprofil ved å klikke på symbola nedanfor. Skriv gjerne ut og ta med deg på turen.