Ål Kommune Ål utvikling Hovedside

Sehlsbergi

Tur nummer: 3.2

  

Turen Øygard – Sehl over Vesleberg er ein lett og fin tur med ei av dei flottaste utsiktene i Ål. Stigane går mykje i ope skogsterreng, forbi gamle husmannsplassar og over gamle grasvollar i eit rikt kulturlandskap. Turen kan og leggast nedom Nedreskår og forbi Teigo.


Ein har to lette urmogelegheiter om ein vil til Selsbergi. Ein kan gå  frå Søre Sel i Votndalen eller frå Øygard i Liagardsvingen. Ynskjer du ein hard og bratt tur kan du starte i Halvorsgard (raud tur).

Turen er med i vandreprogrammet "10 turfavorittar i Ål" sommaren 2015. På turen finn du postkasse og gjestebok til å skrive namnet ditt i. Her er det og klyppetang som du brukar hvis du har kjøpt deg klyppekort for å samle turar. Postkassa står på ein stolpe på utsiktspunktet ca 750m frå Søre Sehl.

Les turskildring, kart og høgdeprofil ved å klikke på symbola nedanfor. Skriv gjerne ut og ta med deg på turen.



Klikk på denne lenka om du vil laste ned turinfo (PDF) og skrive ut på din eigen skrivar. Klikk på denne lenka om du vil laste ned kart over turen (PDF) og skrive ut på din eigen skrivar. Klikk på denne lenka om du vil laste ned PDF med beskrivelse av høydeprofil og skrive ut på din eigen skrivar.
Kart over turen
Design på norsk: Utforming.no  /  Publisert med WideCMS