Ål Kommune Ål utvikling Hovedside

Ål 52 - vandreturar med kulturminner - i heile Ål

Nettsida www.aal52.no vil etter kvart bli fasa ut til fordel for appen Outtt og nettsida www.outtt.com/aal
Last ned appen Outtt, lag din eigen profil og finn dine favoritturar. Her kan du også fylgje venner, legge inn turar/ opplevelsar som gjest og venner kan følgje deg og dine turar/ opplevelsar.  

Les meir om turappen Outtt og last den ned her 


Klyppekort for 2017 er no i sal på Norli Ål og G-Sport Ål samt Ål turistinformasjon
(kortet kan kun kjøpast med kontantar hjå Ål Turistinformasjon)
  




Det er mykje flott natur å oppleve i bygda vår,  men du går kanskje dei same turane kvar gong?    

På desse nettsidene finn du kart og turskildring for over 50 vandreturar i Ål, samt nokre sykkelturar.  Dei fleste turane har eit kulturminne langs stigen, eller like ved!  Dei fleste turane er graderte og skilta etter nasjonal standard.

Ynskjer du å samle turar så kjøp klyppekort og bli med på Ål52 sitt vandreprogram - 10 turfavorittar i Ål.   Sjå info i venstremenyen.  Og bli med i fotokonkurransen på Instagram ved å #ål52

Vinteren 2016 kunne du være med på 6 turfavorittar på langrenn med postkasse, sjå venstremenyen.  
 

I menyen til venstre eller på kartet nedanfor vel du ditt turområde og klikkar deg inn på kvar enkelt tur. Du finn både kjente og ukjente turar, lange og korte, lette og tunge, for små og store. Du kan lese og skrive ut kart, turskildring og høgdeprofilar som du kan ha på innerlomma undervegs. På turane i høgfjellet er det viktig å også ha med seg ordinært kart, det får du kjøpt bl.a i bokhandelen og hjå Ål Turistinformasjon.   


Me ynskjer god tur, og med gode sko og ein ”havrepose” med noko godt oppi greier du kanskje meir enn du hadde trudd ?

Ål52 blir drifta i eit samarbeid mellom Ål kommune og Ål Utvikling AS.  Nettsida blir oppdatert og redigert kontinuerleg  og nye turar vil kome til.  Skulle du oppdage feil eller manglar er det fint om du gjer oss merksame på det. Kontakt då   Ål Turistinformasjon på tlf. 32 08 10 60 / post@alturistinfo.no  


Vats Leveld Sando, Votndalen, Liagardane Torp og Oppheim Øvre Ål og Kvinnegardslia Sundre Breie og Sangefjell Veståsen
Design på norsk: Utforming.no  /  Publisert med WideCMS