Sykkeltur frå Gullhagen, forbi Baklien, gjennom heile Votndalen og til Leveld kyrkje. Følg Baklivegen forbi garden Baklien, vidare rett fram og etterkvart til venstre til garden Sandelii. Deretter eit lite stykke på fylkesvegen der du kan ta ein kikk på Stampehølen. Rett før brua nord for Votnahall svingar du av og tek inn på lysløypa.. Turen går deretter forbi Hallingsag, Springgard og skytebanen i Leveld før du er framme ved Leveld kyrkje. Turen kan og syklast motsatt veg.