Ein gamal stig mellom Svarthamar og Tormodset over Bleste (1077 moh), som har fått ein "ansiktslytfning". Du kan no gå turen turrskodd over myrene, då det har vorte lagt ut plankar som er forankra. Dette er ein tur med vidt utsyn til Hallingskarvet, Reineskarvet og dei andre Ålingsfjella som ligg i kring.
Sommaren 2014 har det vorte gjort tilrettelegging av stigen til Bleste frå Mosaskaret og den er no kome inn på kartet. Skilting og turskildring vil bli oppdatert til sommaren 2015.