Turen startar på Hellebu der det er vidt utsyn over både nærområdet med elva Lya og heilt frå stølar på Torposida til Reineskarvet i vest. Turen går på god stig oppover og innover til du kjem til Reinsbotnan. Turen kan derfrå forlengast til Fagerdalen eller kombinerast med tur 3.4 Vealie - Versjøen eller tur 3.7 Såta - Grytingen.