Ål Kommune Ål utvikling Hovedside

Såta

Tur nummer: 3.7



Krevjande høgfjellstur i fl ott fjellterreng med ei fantastisk utsikt. Frå toppen av Såta (1622) er det utsyn frå Gaustatoppen i sør, Hallingskarvet i vest, til Skagastølstindane i Vestjotunheimen, mot nordaust. Følg stigen frå Trettestølane opp etter elva Eitra til der stigen fl atar ut (ca. 2,5 km). Derfrå dreiar stigen nordaust mot vesle-Såta, og deretter opp i skaret mellom Såta og vesle-Såta. Bratt stigning på litt steinut underlag opp til toppen.

Start turen ved ferist like ovanfor parkeringa på Trettestølane. På vegen mot Såta kan du ta ein avstikker til nordre Grytingen (1462).

Turen er med i vandreprogrammet "10 turfavorittar i Ål" sommaren 2015. På turen finn du postkasse og gjestebok til å skrive namnet ditt i. Her er det og klyppetang som du brukar hvis du har kjøpt deg klyppekort for å samle turar. 

Les turskildring, kart og høgdeprofil ved å klikke på symbola nedanfor. Skriv gjerne ut og ta med deg på turen.




Klikk på denne lenka om du vil laste ned turinfo (PDF) og skrive ut på din eigen skrivar. Klikk på denne lenka om du vil laste ned kart over turen (PDF) og skrive ut på din eigen skrivar. Klikk på denne lenka om du vil laste ned PDF med beskrivelse av høydeprofil og skrive ut på din eigen skrivar.
Kart over turen
Design på norsk: Utforming.no  /  Publisert med WideCMS