Fin familietur som startar på grusveg og fortset på god stig. Bjørkeskog fyrst, men snart opnar snaufjellet seg med fantastisk utsikt inn mot fjellheimen. På toppen 1192 moh. ser du også ned på Vatsfjorden og delar av Vats. Minneplate frå 2. verdskrig litt før Sirestøltjørna og på toppen.
Turen er med i vandreprogrammet "10 turfavorittar i Ål" sommaren 2015. På turen finn du postkasse og gjestebok til å skrive namnet ditt i. Her er det og klyppetang som du brukar hvis du har kjøpt deg klyppekort for å samle turar.
Les turskildring, kart og høgdeprofil ved å klikke på symbola nedanfor. Skriv gjerne ut og ta med deg på turen.