Ål Kommune Ål utvikling Hovedside

Fjellvegen

Tur nummer: 1.1 / 6.1



Fjellvegen er ein del av bufarvegen til Djup. Start turen enten ved Dengerud i Kvinnegardslia (a) eller ved Nordheim i Vats (b). Som kort alternativ tilrår vi turen Torsbu – Nordheim. Mellom Nedremyrstølen og Nordheim går du på gamle Kyrkjevegen. Stigen er open og grei å gå, men det er tilrådeleg med godt fottøy. På Nedremyrstølen er det sal av stølskost i sommarsesongen.


Før i tida vart bufarvegane brukt av gardsfolket og all slags krytir den dagen dei flytta opp på stølen for sommaren. Det kunne bli litt av eit leven. No brukar gardsfolk nyvegen, medan bufarvegen ligg stille og roleg att.



Klikk på denne lenka om du vil laste ned turinfo (PDF) og skrive ut på din eigen skrivar. Klikk på denne lenka om du vil laste ned kart over turen (PDF) og skrive ut på din eigen skrivar. Klikk på denne lenka om du vil laste ned PDF med beskrivelse av høydeprofil og skrive ut på din eigen skrivar.
Kart over turen
Design på norsk: Utforming.no  /  Publisert med WideCMS