Lett tur i høgfjellsterreng frå parkering like før Bergsjø leilegheiter og opp til Vardehovda med mektig utsikt til Reineskarvet og resten av Nordfjella. Rasteplassar undervegs. Ein tyngre tur får du ved å gå opp frå Skarslia. Kombiner gjerne med turen Bergsjøen rundt (tur 1.9).
Turen er med i vandreprogrammet "10 turfavorittar i Ål" sommaren 2015. På turen finn du postkasse og gjestebok til å skrive namnet ditt i. Her er det og klyppetang som du brukar hvis du har kjøpt deg klyppekort for å samle turar.
Les turskildring, kart og høgdeprofil ved å klikke på symbola nedanfor. Skriv gjerne ut og ta med deg på turen.