Tur mot foten av mektige Reineskarvet. Lett stigning frå Bergsjø, retning nord. Etter passering av små aurevatn og moltemyrar når du toppen av Mørehovda. Praktfull utsikt i alle retningar, godt akkompagnert av to skarv. Gå om Bukkestølen attende for ein fin rundtur.