Med ei slik utsikt treng du ikkje nødvendigvis termos for å bli sittande ei stund.
Høgebrot (1.095 moh) når du ved å gå på godt merka stig ca 3 km frå Randitjørn. På turen ser du fleire gamle stølar. Turen kan lett gjerast lenger eller starte frå andre stader i nærleiken, sjå kartet. Atkomst ved å køyre inn på Nysetvegen i Vestlia. Parkering ved Randitjørn.