Enkel tur som går på merka stig, fyrst i skog, deretter i fjell terreng. Mektig utsikt på toppen. Med den karakteristiske pyramideforma og bratte fronten er Nysetknippen eit landemerke. Barnevennleg tur, men hugs at det er svært bratt på toppen.
Dette er ein av turane i Ål sitt vandreprogram "10 turfavorittar i Ål".På denne turen finn du ei postkasse der du kan skrive namet ditt, og vere med i trekninga av ein premie frå Ål kulturhus. Postkassa finn du på Varden på Nysetknippen. Kortfatta skildring av turen finn du i brosjyren for Ål52.