Ål Kommune Ål utvikling Hovedside

Dyna

Tur nummer: 7.2


Populær og middels krevjande rundtur på gode stigar og fjellveg. Frå Bosset går turen på stig forbi Restjørnane og vidare til Dyna (1212 moh) med flott utsikt. Tydeleg stig ned frå Dyna til Steinstølen der du kjem inn på fjellvegen som går til Fjellheim. Frå Fjellheim fylgjer du stig attende til Bosset. Turen er fin å gå begge vegar.

Turen er med i vandreprogrammet "10 turfavorittar i Ål" sommaren 2015. På turen finn du postkasse og gjestebok til å skrive namnet ditt i. Her er det og klyppetang som du brukar hvis du har kjøpt deg klyppekort for å samle turar. 

Les turskildring, kart og høgdeprofil ved å klikke på symbola nedanfor. Skriv gjerne ut og ta med deg på turen.

GPS-koordinater: 
Startpunkt/parkering: 32 V, Y:482148, X: 6717506
    



Klikk på denne lenka om du vil laste ned turinfo (PDF) og skrive ut på din eigen skrivar. Klikk på denne lenka om du vil laste ned kart over turen (PDF) og skrive ut på din eigen skrivar. Klikk på denne lenka om du vil laste ned PDF med beskrivelse av høydeprofil og skrive ut på din eigen skrivar.
Kart over turen
Design på norsk: Utforming.no  /  Publisert med WideCMS