Flott tur med vidt utsyn over Ål sentrum. Turen går i skogsterreng på fin stig, og delvis på ein gamal bufarsveg. Gå fyrst mot Haugen og følg gangveg under jernbanelina. Følg løypetraseen skilta til Hallingspretten opp til Hefte. Skilting til Kulufossen derifrå. For ein rundtur kan du gå ned att på vestsida av fossen, skilta mot Skjølet. Ved fossen er det ingen sikring så pass på ungane.
Stigen som går i Hallingsprettløypa er noko ulent og mjuk då det er fyste sesong denne er i bruk.
Turen er med i vandreprogrammet "10 turfavorittar i Ål" sommaren 2015. På turen finn du postkasse og gjestebok til å skrive namnet ditt i. Her er det og klyppetang som du brukar hvis du har kjøpt deg klyppekort for å samle turar.
Les turskildring, kart og høgdeprofil ved å klikke på symbola nedanfor. Skriv gjerne ut og ta med deg på turen.