Spennande, sentrumsnær og til dels ulendt «villmarkstur» for heile familien. Gå snarvegen frå torget til Trolldalsvegen og vestover langs denne. Følg stigen mot Sundreberget. Etter 200-300 m bratt stigning fylgjer du skilting mot Berglivegen. Frå Berglivegen går du vegen attende til sentrum.