Start ved Leksvol og vel om du vil ta fyrste del av turen langs Hellinggrove eller om du vil gå opp gjennom Ål bygdamuseum. Vidare går du på den gamle vegen opp til Øvre-Ål til du kjem på nedre Øvre-Ålsvegen. Derfrå går du opp Hellinggutu og fylgjer stig opp langs grove siste stykket før du er oppe på øvre Øvre-Ålsvegen.
Nedatt fylgjer du enten fylkesvegen eller du kan ta ein av stigane i Prestegardsbakkane nedatt til Sundre, sjå tur 5.2.