Dette er ein barnevennleg og kort tur, med storslått utsyn mot både Hallingskarvet og Ålingsfjella. Samstundes er dette det høgaste punktet langs dei merka stigane på Øvre Ålsåsen. Frå Halle fylgjer du ryggen opp på Buhovda. Herifrå kan du velje både korte og lange rundturar attende.
Turen er med i vandreprogrammet "10 turfavorittar i Ål" sommaren 2015. På turen finn du postkasse og gjestebok til å skrive namnet ditt i. Her er det og klyppetang som du brukar hvis du har kjøpt deg klyppekort for å samle turar.
Les turskildring, kart og høgdeprofil ved å klikke på symbola nedanfor. Skriv gjerne ut og ta med deg på turen.