Vidstrakt utsikt i alle himmelretningar, der det meste av turen går over tregrensa. Start frå hyttefeltet Primhovda Sør. Fleire kulturminner langs stigen. Etter dalsøkket mellom Rosengardshovda og Primhovda tek stigen av opp til Primhovda. Fleire alternativ for heimvegen.