Frå toppane i Leveld er det alltid flott utsikt, uansett kvar ein vender seg.
Start turen ved Leveld kyrkje og ta traktorveg sørover frå kyrkja. Gå på bru over Votna før du tek til på stigningane oppover. Etterkvart går du sørover langs Haugsnatten til du kjem opp på åsryggen. Deretter går du nordover mot toppen (910 m.o.h). Herifrå kan du blant anna sjå Reineskarvet, Brea og Blåbergi.