Ynskjer du å starte denne turen med utgangspunkt i Leveld køyrer du til Reine og vidare til Eitrestølen.
Turen kan du og starte ved Bergsjøstølen eller Eitrestølen. Fylg DNT- merka løype ca. 6 km frå Bergsjøstølen til Eitrestølen. Denne delen går i høgfjellsterreng med lett stigning. Frå Eitrestølen fylgjer du liten stig opp langs venstre side elva Eitra. Ved inngangen til sjølve juvet, på høgre side av Eitra, kan du sjå hola til Eivind Fredlaus. Fylg same veg tilbake.
Oppdatert turskildring i samsvar med nytt kart vil bli lagt ut før sommaren 2013.