Gå til høgre frå Kvednavegen og følg lysløypa til avstikkaren som går opp til steinhola. Ta turen ned i hola! Der budde Eivind Fredlaus når han våga seg ned i bygda i åra mellom 1719-1737. Utandørs kunstutstilling å sjå langs turen. Alternative vegar attende.
Turen er med i vandreprogrammet "10 turfavorittar i Ål" sommaren 2015. På turen finn du postkasse og gjestebok til å skrive namnet ditt i. Her er det og klyppetang som du brukar hvis du har kjøpt deg klyppekort for å samle turar.
Les turskildring, kart og høgdeprofil ved å klikke på symbola nedanfor. Skriv gjerne ut og ta med deg på turen.
P.S. Sommaren 2015 kan du langs denne turen sjå både ei utstilling som viser foto av vevarbeida til Birgit Hagen og fotoutstillinga Fredlaus med Signe Fuglesteg Luksengard Photography, Ingvild Reinton Photo & Art og Mørch Foto. Begge fotoutstillingane finn du på den 1,5 km lange skogsstigen frå Leveld Kunstnartun til Steinstugu til Eivind Fredlaus. Fotoutstillinga er open døgnet rundt, heile sommaren frå 21.juni. Besøk og gjerne den andre utandørsutstillingen i Leveldbygda, med Jens Bjørneboe-sitat.