Leveld er eit kulturminne i seg sjølv. Mange av gardane har framleis av dei gamle husa ståande.
Gå enten ein stor eller liten rundtur gjennom bygda. Uansett er det høveleg å starte ved Leveld skule og gå austover til bygdevegen går opp til venstre. Den store rundturen følgjer bygdevegen gjennom heile bygda fram til Snogsrud, så ned til Feten og attende til skulen langs fylkesvegen. Ein liten rundtur får du ved å gå ned ”sambindingsvegen” ved Oleivsgard og kome ned på fylkesvegen litt vest for Leveld skule. Turane kan og gåast motsett veg.
Sitatutstilling av forfattaren Jens Bjørneboe og fotoutstillinga Empty Stores on Empty Barns av Knut Brye finn du langs turen Leveld rundt.