Stig fra Turrhaug merka med pilgrimstavar og raude vardar og med eit fantastisk panorama over Rødungen og Nysetfjell. Etter omlag 50 minutts gange kjem du til Sangefjell Naturkatedral. Attende kan ein anten fylgje bilvegen eller gå same stig attende.
Ynskjer du å utvide turen må du gjerne ta med deg sykkel opp til Naturkatedralen, sjå tur 8.1.
Naturkatedralen er alltid open og der er gudstjeneste i påsken og andre helga i august kvart år.