Ål Kommune Ål utvikling Hovedside

Sangenuten

Tur nummer: 8.6



Fin og variert topptur i høgfjellsterreng. Fyrst på veg, deretter på varda stig, noko kupert mot toppen. Masta oppå Sangenuten gjer det lett å orientere seg til topps. Vel oppe får du fantastisk utsyn. Fleire alternative stigar i området. På toppen av nuten er det ei lita hytte.

Turen er med i vandreprogrammet "10 turfavorittar i Ål" sommaren 2015. På turen finn du postkasse og gjestebok til å skrive namnet ditt i. Her er det og klyppetang som du brukar hvis du har kjøpt deg klyppekort for å samle turar. 

Les turskildring, kart og høgdeprofil ved å klikke på symbola nedanfor. Skriv gjerne ut og ta med deg på turen. 


GPS-koordinater:
 
Startpunkt/parkering: 32 V, Y:470688, X: 6712747
  



Klikk på denne lenka om du vil laste ned turinfo (PDF) og skrive ut på din eigen skrivar. Klikk på denne lenka om du vil laste ned kart over turen (PDF) og skrive ut på din eigen skrivar. Klikk på denne lenka om du vil laste ned PDF med beskrivelse av høydeprofil og skrive ut på din eigen skrivar.
Kart over turen
Design på norsk: Utforming.no  /  Publisert med WideCMS