Fin tur på sørsida av Hallingdal i Ridalen, med vid utsikt over dalen på toppen. Nokon bratte parti på veg opp. Torpo Stavkyrkje frå 1160 er verdt eit besøk etter turen.
Turen er med i vandreprogrammet "10 turfavorittar i Ål" sommaren 2016. På turen finn du postkasse og gjestebok til å skrive namnet ditt i. Her er det og klyppetang som du brukar hvis du har kjøpt deg klyppekort for å samle turar.
Ved å gå ca. 100 m vidare frå postkassa kjem du til eit flott utsiktspunkt over Hallingdalen. NB! Det er svært bratt og høgt.
Les turskildring, kart og høgdeprofil ved å klikke på symbola nedanfor. Skriv gjerne ut og ta med deg på turen.