Rundtur med flott utsikt og mektig natur i Skarvheimen
Delvis umerka godværstur i høgfjellet med flott utsikt i storslagen natur i Skarvheimen. Noko bratt og krevjande, mykje stein langs Klevavtnet. Vel rundtur eller gå tur / retur Klevahytta.
Turen er med i vandreprogrammet "10 turfavorittar i Ål" sommaren 2016. På turen finn du postkasse og gjestebok til å skrive namnet ditt i. Her er det og klyppetang som du brukar hvis du har kjøpt deg klyppekort for å samle turar.
Les turskildring, kart og høgdeprofil ved å klikke på symbola nedanfor. Skriv gjerne ut og ta med deg på turen.