Ål Kommune Ål utvikling Hovedside

Rideveg Lya

Tur nummer: 4.1

Hallingdalsvegen frå 1826 var den fyrste kjerrevegen som gjekk gjennom Hallingdal, og vart rekna som éin av landets ni hovudvegar.  Lyabrua med tre spenn vart eit storverk langs vegen. Men det måtte likevel gi tapt for  stor-flaumen i 1860. 15. juni braut vatnmassane ned to av spenna, like etter at eit stort brudefylgje hadde passert. Etter den omfattande flaumen vart vegen lagt om, med bru over juvet ved Skjerping.

Denne hovudvegen kryssa Lya på same staden som den gamle ridevegen «holevegen» frå mellomalderen. Me ser rester av ridevegen frå plassen ved brukjera austover mot stavkyrkja. 


Klikk på denne lenka om du vil laste ned turinfo (PDF) og skrive ut på din eigen skrivar. Klikk på denne lenka om du vil laste ned kart over turen (PDF) og skrive ut på din eigen skrivar.
Kart over turen
Design på norsk: Utforming.no  /  Publisert med WideCMS